Vi gjør endringer i billettsystemet. Mens arbeidet pågår er alt billettsalg til Hamar kulturhus stengt. Billettsalget vil være åpent igjen i løpet av ettermiddagen.
Hvis du har billettspørsmål som haster, ta kontakt på telefon:
Hamar kulturhus og Hamar bibliotek: tel. 954 85 909
Teater Innlandet: tel. 456 41 553

3. desember 2026

Eva Weel Skram

Falle i ro - En julekonsert

Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både…

Dei siste åra har Eva Weel Skram skapt ein kjærkomen juletradisjon med sine stemningsfulle julekonsertar. Med ei varm blanding av eigne låtar og kjende julefavorittar inviterer ho publikum inn i eit musikalsk univers der både tradisjon og nyare juletonar får skinne.

Det er snart ti år sidan Eva gav ut sin første julelåt, og sidan den gong har fleire av songane hennar funne vegen inn i det moderne norske julerepertoaret. «Selmas Sang», temalåten frå NRK-serien Snøfall, vart raskt ein publikumsfavoritt. Seinare kom «Falle til ro», skriven til Netflix-serien Hjem til jul, som også har festa seg som ein ny juleklassikar.

Eva har òg markert seg som ein framifrå tolkar av andre sine låtar. I hennar hender får songar som «Nå tennes tusen julelys» og «Romjulsdrøm» nytt liv. Juleklassikaren Have Yourself a Merry Little Christmas har dessutan fått norsk drakt som «Tid med mjuke pakkar», med ny tekst av Trygve Skaug.

Saman med sine musikalske kumpanar skapar Eva Weel Skram ei varm og nær juleoppleving – fylt av smittande humør, vakre melodiar og ekte julestemning.

Velkommen til julekonsert!


Billetter

Torsdag 3. desember 2026
Kl. 20:00–21:30
Sal:

Kirsten Flagstad-salen

Arrangør:

Hamar Kulturhus

Dørene åpner:

Kl. 19:00