Vi gjør endringer i billettsystemet. Mens arbeidet pågår er alt billettsalg til Hamar kulturhus stengt. Billettsalget vil være åpent igjen i løpet av ettermiddagen.
Hvis du har billettspørsmål som haster, ta kontakt på telefon:
Hamar kulturhus og Hamar bibliotek: tel. 954 85 909
Teater Innlandet: tel. 456 41 553

4. november 2026

Tuva og Ronny

Eit show om kjærleik og gyros

Ei stor livskrise. Ein endå større draum. Og eit par gyros som skulle endre alt.

Tuva Fellman og Ronny Brede Aase inviterer til eit slags show om samliv, kjærleik og matskepsis. Om då Tuva blei…

Ei stor livskrise. Ein endå større draum. Og eit par gyros som skulle endre alt.

Tuva Fellman og Ronny Brede Aase inviterer til eit slags show om samliv, kjærleik og matskepsis. Om då Tuva blei sjuk, og om korleis dei gjekk frå å snakke om den greske hotelldraumen til faktisk å satse på han.

Draumen blei fødd over eit par gyros på Skiathos i 2013. Sidan har vegen vore både bratt, kronglete og full av overraskingar – med oppturar, nedturar og ei imponerande mengd ting som slett ikkje gjekk etter planen.

Mange har følgt reisa deira gjennom TV-serien om hotelldraumen i Hellas. No deler dei historiene bak det du såg på TV, det som aldri kom med – og kva som skjedde etter at kameraa blei slått av.

Velkommen til ein livleg, morosam og personleg kveld om livet saman, den store draumen og alle dei fine, vanskelege og ganske rare opplevingane undervegs.


Billetter

Onsdag 4. november 2026
Kl. 18:00–19:00
Sal:

Kirsten Flagstad-salen

Arrangør:

Hamar Kulturhus

Dørene åpner:

Kl. 17:00