Tollak til Ingeborg / Riksteatret

Dei kallar han Tollak til Ingeborg. Alle veit om den gamle stabukken som bur oppe ved sagplassen. Alle veit at ungane hans ikkje kjem heim så ofte. Alle veit han tok til seg han dei kalla Oddotosken. Og alle hugsar den gode kona hans. Men det er noko folk ikkje veit.

Det er på tide å fortelje.

Det er eit uhyre sterkt portrett og eit intenst familiedrama. Av Tore Renberg

Lesaraane og kritikarane vart vilt begeistra då Tollak til Ingeborg av Tore Renberg kom i 2020. Historia om stabeisen Tollak rører folk over heile landet med 70.000 selde eksemplar av romanen. No kjem sceneversjonen, dramatisert av forfattaren sjølv. Fem skodespelarar står på scena i dette intense familiedramaet om kjærleik og blodsband, om vald og avmakt, og om forskjellen mellom alen furu og billeg gran.

Regien er ved Miriam Prestøy Lie, som har markert seg med ei rekke kritikarroste framsyningar. Dette vert det fjerde samarbeidet hennar med komponisten Selma Stang, som har gjort suksess med sitt samarbeid med Aurora.

 – «Nynorsken har fått ein ny klassikar» / Bergens Tidende (5)
 – «Sterke skuespillere bærer en bekmørk forestilling som truer med å synke inn i skyggene» / Dagsavisen (5)
–  «Vi kjenner alle ein Tollak. Slik vi ser han på scena, kjenner vi han i oss sjølve og i kvarandre» / Norsk  
    Shakespearetidsskrift
 – «Mørk og dirrende, med en god hovedrolleprestasjon» / NRK P2
 – «Ei heilstøypt framsyning med knallgode karakterar» / Scenekunst.no

På scenen
Kyrre Eikås Ottersen, Andrine Sæther, Malene Wadel, Sebastian Biong og Harald Ottesen Nødtvedt.  

Team
Dramatiker: Tore Renberg. Regissør: Miriam Prestøy Lie. Scenograf og kostymedesigner: Milja Salovaara. Lysdesigner: Martin Myrvold. Komponist og lyddesigner: Selma Frida Stang. Dramaturg: Cecilie Grydeland Lundsholt. Produsent: Silje Vigerust Vinjar

Regissør Miriam Prestøy Lie / Scenograf og kostymedesigner Milja Salovaara / Lysdesigner Martin Myrvold / Komponist og lyddesigner Selma Frida Stang / Musikalsk medprodusent Odd Martin Skålnes / Koreografisk assistanse Kristin Ryg Helgebostad / Produsent Silje Vigerust Vinjar

Produsert av Teater Vestland og Riksteatret.

Fakta om boka
For romanen har Tore Renberg fått Bokhandlarprisen, Nynorskprisen og Ordknappen.

Da boka kom ut i 2020 skreiv kritikarane:
«Intet mindre enn en drivende god og ubehagelig litterær thriller.» / VG (6)
«Noe av det beste Tore Renberg har skrevet»? / Aftenposten
«Et mannsportrett, en tragisk familiehistorie, en kulturkritikk, en vakker bok om kjærligheten» / Nettavisen?(6)
«Blir sikkert ståande som ein av dei store i Tore Renbergs forfattarskap» / ?Bok 365